Gå til innhald

Onedhub

Deling av data i oppvekstsektoren har fram til no vore lite tilgjengelig. Dette ønsker vi i Vigilo å gjere noko med. Vigilo OAS er derfor bygd på prinsippet om datadeling og kunden sin eigarskap til eigne data.

Vi har frå starten av nytta nasjonale og internasjonale standardar for datadeling og bevisst valt dei formata vi har meint er mest framtidsretta. Vigilo nyttar APIer for all datautveksling og var f.eks. blant dei første i Europa til å bli sertifisert etter IMS OneRoster-standarden, for deling av data i oppvekstsektoren. Dette meiner vi er ein sjølvfølge for eit oppvekstadministrativt system, med dei opplysningane løysninga inneheld og utvekslar med andre system.

Gjennom Onedhub ønsker vi å reindyrke funksjonaliteten for datadeling ved å tilby ein integrasjonsplattform med kjernefunksjonalitet for administrasjon av barnehagar og skular. Kjernefunksjonaliteten består av administrasjon av persondata iht. GDPR, innskriving/opptak, klasse-/gruppeinndeling og fakturering/foreldrebetaling. Gjennom integrasjonsplattformen, er det mogeleg å kople denne funksjonaliteten til andre Vigilo-modular eller kompatible tredjepartar. Data vert utveksla gjennom standardiserte APIer og IMS OneRoster-formatet, for kunne gje flest mogeleg tredjepartar tilgong til plattformen. Ein kan f.eks. velge å kople til timeplan frå Vigilo, kommunikasjonsløysning frå ein annan leverandør og eit LMS frå ein tredje. Slik kan kunden sjølv sette saman eit komplett system optimalt tilpassa sine eigne behov. Vi ser også at det er ei rekke nisjeleverandørar som utviklar gode løysningar, men som ikkje kjem inn på marknaden åleine. Gjennom Onedhub ønsker vi å gjere det enklare, raskare og rimelegare å integrere nye tenestar med kunden sine andre løysningar.

Vigilo vil sertifisere tredjepartar for å forsikre oss om at alle dataoverføringar går sømlaust, sikkert og korrekt. Desse tenestane vil deretter bli presentert i Marknadsplass, saman med Vigilo sine eigne produkt. Kombinasjonen av ein open og skalerbar integrasjonsplattform og Vigilo sin Marknadsplass, vil gi kunden langt meir fleksibilitet enn i dag. I staden for å vere bunden av lange kontraktar og kostbare implementeringsprosjekt, kan ein legge til og byte ut modular på ein enkel måte og dermed alltid ha det mest oppdaterte og best tilpassa systemet for sine behov.